Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

torsdag 5. januar 2012

Tid...

Ja tida den går, på same måte som den kjem...
Jula kom og så for ho lika fort....
Kjekt med nokon fridagar,
til å sova på for ein litt sliten butikksjef...
Til jul fekk eg masse fint, 
og ekstra glad blir eg når nokon har brukt tid
på å laga noko til meg...
Sjå den fine puta :
 TusenTakk tante !!
Restane av juledekorasjonen me fekk til jul,
var fyllt med kvite blomar og knallfine.
Nå var rosene og orkideane visne, men syns fortsatt den er fin og enkel.
Stjerneduken som eg kjøpte på den koselige Sæbøvik Gave & Leiker 
før jul, passe endå litt til. 
Stjerner er fin vinterstemning
Blir så reint, tomt og enkelt når jula fere ut av stova...
Har tent masse lys, fyrt i ovnen og laga meg ei stor krus med te....
Teen var god, men iskald....
- for eg stod ein time i gangen og skravla med ei venninne so ikkje hadde tid å koma inn.
og husk....
Tiden strekker til for den som bruker den.
Leonardo da Vinci

Ein herligeBLÅtirsdagsklem


mandag 5. desember 2011

Paris...

 - Bienvenue PARIS -
For litt over et år sidan tok eg mann og barn med meg og reiste til Paris.
                               Me hadde bare ein heilt fantastisk flott tur
Å fly vart ein "kul" opplevelse for dei håpefulle. 

Tidleg en morning på en hektisk bussholdeplass midt i Frankrike, 
Åjoda me fant ut av buss-systemet, dei gule bussane var "våre".

 Utan for Kyriad hotell, men pannekaker,
brioche og crossiantet med og uten sjokolade til frokost
  På programmet stod ein dag i Euro Disney World..

Her er litt av paradegata, for et liv og for ein stemning...!!
og masse stilige hattar...
Paradeoppvisninga gjorde stort inntrykk...

Masse kjente figurar, flott musikk og danseoppvisning.
Deilige Mikke Mus donuts og karusellar uten kø....
 Skulle me tatt for oss begge parkane måtte me hatt ein dag til.
Lykken er og reisa utanom høgsesong !!
Så var det høgdepuntet for turen, nemmleg vakre Paris by og Eifeltårnet....
Triumfbuen og Champ Elysees
Eg kjenne bare at eg vil gjerne ta turen igjen...


Une étreinte bleue dimanche


søndag 6. november 2011

Bursdag...


Ja så har det gått et år siden sist,og vel så det.....
19.Oktober er forlengst over...
og eg har hatt bursdag....
Syns det er kjekt å gå i bursdag og ha bursdag.
Å bli overraska med pakkar vert ein liksom aldri for gammel til...
Finaste gåva eg fekk var kanskje dette diktet:



"tenk at du er 37 år i dag. Det er ein stor dag i dag !
Kake og brus
et og drikk
Lykken svever
hit og dit.
Opne opne alle gaver
småe kort og
slike saker"


Alltid kjekt med overraskelsar...




Dette vart ein veldig koslig kveld, der eg hadde innvitert nokre venninner på kaffidemonstrasjon.
Kaffien var ekte og knallgod malongo kaffe...
EinBlåklem...








mandag 10. oktober 2011

Fossefall og meg...

Mektig og majestetisk kjem vatnet
 buldrande ned fossen..
Fantastisk vakkert synest eg,
og vel verdt ein stopp for å nyta synet..
-Før turen gjekk vidare til ei god venninne og helgekos !!
EinBlåSøndagsklem

tirsdag 4. oktober 2011

Oppslagstavle...

Synest dette var ei fin tavle som eg kunne tenkt meg å hatt på veggen min... 
I butikken har eg fortida ryddesalg, fordi me ryddar.
Snart kjem julevarene og me treng plass...
Rydda skulle eg gjordt heime og men...
- Reiste heller på koslig besøk hos tante,
 der fekk eg deilig cappucino og kakao !!
Imorgon skal eg kjøpa nokre boksar, som eg kan rydda litt rot oppi.
Då vert det nok ryddig i heimen og skal du sjå ;)

EinBlåTirsdagsKlem..

søndag 2. oktober 2011

Søndag og fri..??

- Siden innlegget mitt istad, var skrevet i går og tenkt publisert då...
Så er det liksom dette som er dagens innlegg. Innlegget før dette fekk eg ikkje til å dela  frå IPaden min, så eg lagra da...

I dag har eg og ungane, som var veldig skeptiske, litt umotiverte og undrande på meg som "tvinga" dei med på trimløp...!!

Me har gått 9,4 km og fullført Kvinnheradløpet
Halvvegs i løpet, ved eplestasjonen steig både tempo og humøret...
Og ved målstreken så høyrde eg nokon bak meg seia at "mamma var ikkje løpet lenger enn detta"....???
Så eg konkluderer med ein vellukka søndagsutflukt !!
Nysteikte lappar med syltetøy smaka godt ved målstreken..
Det gjorde søndagsmiddagen hos mamma etterpå og... Hurra for ferdig middag MED DESSERT !!!
Så vel heime ventar et hus som trengte "litt" stell, så visst det går an å måla husarbeid i km trur eg jammen eg har gjordt unna nye 9,4km i kveld med husarbeid.....!!!
- Men nå er det bra, og eg nyt lysfatet eg har tent frå sofakroken...

EinBlåSøndagsKlem

- Oktober...

Akkurat kva som gjere at eg syns høsten er så flott, veit eg ikkje....
Men kan det vere fordi eg er født om høsten som gjere at det liksom er "mi" årstid...??
Jaja eg har ikkje fasitsvar på det..


Men hausten er utrulig flott,
og når eg kan gå.....
(kjøra) på jobb i mine nye Praha-sandaler,
droppe jakke og ta solbrillene på....
ja då er det slett ikkje så ille,
å jobba ein lørdag til..!
- har fått inn nokre av varene eg bestillte når eg var på interiørmesse,
og solgte et bilde før eg hadde fått satt det ut i butikken...!!
- Bilde er lånt fra Interiørhuset

EinBlåLørdagsklem