Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

mandag 23. september 2013

Ny veka

Mandag og ny veka.
Ein fin mandag med sol og haustklar luft.



Ha ei flott veka !!
EinGodBlåMandagsklem


onsdag 18. september 2013

Stillhet

Tidleg morgon.
Altfor tidleg, men så stille..
Herleg.
Godt med ei stille stund og
nytrekt kaffi !!


Masse tente lys !!


Nytt Tine K lysfat og bloomingville lyslykt frå Ølen Møbler.
Kvit skylinelykt fra Halvor Bakke.
Ha ein fin dag akkurat der du er !!
EinBlåRegnfullKlem

søndag 15. september 2013

Nysteikte Lenebrød !!

Ingenting er som kortreist mat !!
Blir bare meir og meir skeptisk og lei av all ferdigmat.
Men så var det denne tida då.
Såg ei overskrift utanpå ei avis denne veka.
 Om brød som var lagra i lang tid,
for så å bli tint og solgt ferske !!!!
neiånei...
Eg har fått oppskrift av ei venninne,
på det som må vera verdens enklaste,
og beste brød:

 Å baka med tørrgjær,pleier å bli mislykka hos meg.
Men her går det fint !!


Bland alt det tørre.

Ha i veldig varmt vatn,aus oppi formene og steik.

 Ta dei ut av formene, snu dei og steik i 10 min.

Ingenting er som ein lunka skalk med smør og sirup på...

Lyst på gode brød du og,
her er oppskrifta:
1 pakke siktet speltmel fra Møllerens
750 g lettkokte havregryn 
1-2 kopper solsikkefrø
1 kopp sesamfrø
1 pk. tørrgjær
2 -3 ss Helio havsalt,el knust maldonsalt
1,7 l vann


Bland alt det tørre godt i en stor bolle, hell oppi godt varmt vann. 
Du skal ikkje bruke maskin! Dekk til og la stå et kvarter.
Hell røren deretter i tre brødformer, la stå 1/2 time å etterheve. Dryss gjerne på fersk timian...
Stek midt i ovnen i 40 min. på 200 grader. Ta brødene ut av formene og stek videre i 10 min. 
Oppbevares i kjøkkenhåndkle! 
- Lykke til -
EinGodBlåSøndagsklem.

lørdag 14. september 2013

Pittelitt DIY

Har venta litt på at inspirasjonsenergien,
skal komma til meg med litt fornying.
 Av ei stova som mildt sagt treng et løft.
SÅ etter å ha vore TO gonger 
på Ølen Møbler og innom Bruno interiørpå ei veka,
så løsna da !!!

Eg har to vindu attmed kvarandre,
 som trengte litt nytt:

FØR:


Etter:


Vindu nr.2
Før:

Så herlig med visna blad, og daude floger, hahahaaaa

Etter:

Nyvaska vindu!!
Nye blomar, dilla på Calocephalus eller sølvtråd på dialekt..

Litt nytt og litt som er flytta på !!
Dei tøffe uashmama blomsterpottene er frå
den lekre Brunobutikken men den inspirerande bloggen
Eg leita lenge etter ein svart smal lysestake,
løysinga var ein petrolblå og svart spraylakk,
pittelitt DIY på meg og !!!
Tente lys og sofakos...

- snopa i Ølen og, men det kjem seinare...
EinBlåLørdagsklem

søndag 1. september 2013

September

Trur alle er glade i høsten.
Ser iallefall sånn ut på alle dei mange flotte
bloggane som De har der ute.
Alle ønsker høsten hjertlig velkommen
Eg er ikkje noko unntak.
H Ø S T
Høyr kor vakkert ord !!!


1.September er her.
Eg har tent lys og er litt kry, over Corokia min
som lever endå....
Den har overlevd ditto tørkeperiodar, 
14dg ferie ute bak ein busk.
Skyline lykta frå Halvor Bakke, 
fungerer som blomepotte akkurat no.
BlåSeptemberKlem

Søndagsmiddag

Har gleda meg heile helga til
dagens middag.


Kokt vatn i gryta.....


 I tillegg til salt og heil pepper.....



Ja du tippa rett !!
F Å R I K Å L
Da er bare såå godt, og kanskje ekstra godt i
LeCreuset gryta..??
Uansett har eg tenkt å laga masse godt i gryta mi i høst !!
Så det var nok ein god investering,
- håpar eg....
EinBlåFårikålKlem

lørdag 31. august 2013

Eat all you want..

Eg har hatt langhelg og fri.
Fått tid til å trena,
og fått (rydda) gjordt masse.
 Ja til og med bloggånda,
er tilbake....
Trur det hjalp på inspirasjonen
med ein tur til ei 
knakande kjekk bloggdama som eg besøkte, 
for nokre veker sidan.
Endelig fekk eg sjå det nydelege huset hennes !!
Ikkje farlig å jobba lange dagar,
når det bare er å koma til duk å dekka bord !!
- heldige meg !!


Herlig kyllingsalat med balsamico.
og kaka til dessert :)
Tusen takk for ein kjempekoslig kveld,
som gjekk altfor fort..
Skikkelig kvardagsglede !!!

EinBlåBloggeKlem

Frukostblanding

Etter ferie og ein masse utskeielsar,
var det herlig å komma i gang med
kvardag, grovbrød og
T R E N I N G
- og ikkje minst et kosthold som består av andre ting enn
pizza margarita.
Sjølv om det er nydelig godt, med den sprø gode pizzaen !!

I dag har eg laga ein av mine favorittar: 


Enkelt å laga, 
og smakar utruleg godt !!


I bakgrunn står boksane klare,
til å bli fyllt opp.
Eg deler gjerne oppskrifta med deg:

Sunn frokostblanding
2,5 dl store havregryn
3 dl 4-korn
0,5 dl solsikkekjernar
0,5 dl linfrø
0,5 dl sesamfrø
30 gr hakka valnøtter
1 pose gresskarkjernar
3-4 ss flytande honning
3 ss varmt vatn
1 dl rosiner 
Ha gryn, korn, nøtter, frø i ei bolle.
Bland vatn og honning, rør inn
Fordel i bakepapirkledd langpanne.
Steik ved 180 C`i 20 min. rør av og til.
Tilsett kanel og rosiner, avkjøl.
Ha i tett boks.

Lykke til !!!
Eg et gjerne frokostblandingen ilag med cottage cheese,
eller så blandar eg i frukt å yogurt.
Mjølk er og godt.
EinBlåLørdagsklem



Ferieminner

Ferien er over forlenge sidan...
14 dagar i Kroatia var SÅ herlig
Late dagar,
med sol og sommar.

        
Å kjenna sola varma
høyra på bølgeskvulp
badeglade ungar er
rett og slett ferie !!


Her er solnedgang i Mirca
Ein liten stille plass
like utanfor Supetar på øya Brac



Solnedgang frå terassen vår...


Her er me på sykkeltur til Supetar.


Rett og slett vakkert !!
3,5 time frå Bergen...


Takk for oss !!
- Me kjem tilbake til Kroatia, 
garantert !!!
Sjekk ut  KROATIA visst du fekk lyst å reise.

EinBlåferieminneklem

mandag 1. april 2013

Påskeforventninger

Påske
Nedtelling
forventningar, fri og hyttekos
men slik vart det ikkje i år....
Me har vert sjuke ALLE sammen !!!
"mamma, tenk å sløsa vekk Påskeferien på å vera sjuk"

Siden Palmefredag har me lagt på sofaen heile gjengen...
Me pyntar til Påske til neste år...
I dag er nesten alle nokolunde bra.
Eg har sett brøddeig
kokt kaffi
2.Påskedag
1.April såg det sånn ut:


Bakkane ute var heilt kvite
Ingen Aprilspøk...


Litt varme og meir sol
så kjem krokusen for fullt
Ei herlig tid !!
EinBlåFriskogKlarKlem

onsdag 6. mars 2013

Pausedag

Fridag
pause 
morgonstund
God kaffi
fra gode kopper


 Og et lite glimt 
fra trappa mi
- snart vår -


fine Perleblomar...

Nå skal eg trena
rydda..!!!
kjøra på dansing med ho
og
fotballsamling med han
GodBlåPauseKlem

søndag 3. mars 2013

Hyttetur...

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
(Ingvar Moe)
*
Du kan lese meir om Ingvar Moe her

Her er det tur med bessen for nokre år sidan, et av mine favorittbilder

Me har hatt ei fin vinterferiehelg på hytta
fyr i peisen
 kortspel
hyttekaffi i Mariuskopp
innekos
 pappa leste dikt til ungane
og fortalde om gamle merkedagar dei hadde før itida
Veit du kortid og kva Mekeli er..??
Ungane mine veit det iallefall no...
EinBlåSøndagsKlem

tirsdag 26. februar 2013

ENDELEG...

 26 februar...
etter dagar med nedtelling
var endeleg dagen her
10 ÅR


Lilla 
 Ranuklar
lilla lys
Nye lysestakar frå wik og walsøe 


Lilla roser
som badar i solskinn...                                                  


Alt klart for jentefest
3 timar til ende...
fine jenter
- taco, brownies, jappruter, snop -
fnising
dansing
god stemning
EinBlåBursdagKlem

søndag 20. januar 2013

2013...

Nytt år
fullt av nye muligheter,
det er opp til deg sjølv å fylla det,
 med det du ynskjer...


- 2013 -


VERA DRISTIG


Å våga vera dristig

Gå eit lite steg lengre
Velgja ein ny fargesamansetnad...
Ta ei uventa reise. 
Kjøpa seg hatt.
Gå innom ein nabo 
ein ikkje har gjesta på år.
Senda den helsinga ein ikkje har turd.
Dansa berrføtt i graset...
Grensene våre er ofte så tronge,
at lite skal til før vi er over.
Dei fleste av oss kan ta mange steg,
 før vi kjem i nærleiken av det uanstendige
Vi risikerer kun å ha det litt meir gøy.




Eg les " the secret " 
den boka anbefaler eg alle å lesa.
Ei bok med meining.
og 13 er eit positivt tal
Lykke til...
EinBlåNyttårsKlem