Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

mandag 10. oktober 2011

Fossefall og meg...

Mektig og majestetisk kjem vatnet
 buldrande ned fossen..
Fantastisk vakkert synest eg,
og vel verdt ein stopp for å nyta synet..
-Før turen gjekk vidare til ei god venninne og helgekos !!
EinBlåSøndagsklem

tirsdag 4. oktober 2011

Oppslagstavle...

Synest dette var ei fin tavle som eg kunne tenkt meg å hatt på veggen min... 
I butikken har eg fortida ryddesalg, fordi me ryddar.
Snart kjem julevarene og me treng plass...
Rydda skulle eg gjordt heime og men...
- Reiste heller på koslig besøk hos tante,
 der fekk eg deilig cappucino og kakao !!
Imorgon skal eg kjøpa nokre boksar, som eg kan rydda litt rot oppi.
Då vert det nok ryddig i heimen og skal du sjå ;)

EinBlåTirsdagsKlem..

søndag 2. oktober 2011

Søndag og fri..??

- Siden innlegget mitt istad, var skrevet i går og tenkt publisert då...
Så er det liksom dette som er dagens innlegg. Innlegget før dette fekk eg ikkje til å dela  frå IPaden min, så eg lagra da...

I dag har eg og ungane, som var veldig skeptiske, litt umotiverte og undrande på meg som "tvinga" dei med på trimløp...!!

Me har gått 9,4 km og fullført Kvinnheradløpet
Halvvegs i løpet, ved eplestasjonen steig både tempo og humøret...
Og ved målstreken så høyrde eg nokon bak meg seia at "mamma var ikkje løpet lenger enn detta"....???
Så eg konkluderer med ein vellukka søndagsutflukt !!
Nysteikte lappar med syltetøy smaka godt ved målstreken..
Det gjorde søndagsmiddagen hos mamma etterpå og... Hurra for ferdig middag MED DESSERT !!!
Så vel heime ventar et hus som trengte "litt" stell, så visst det går an å måla husarbeid i km trur eg jammen eg har gjordt unna nye 9,4km i kveld med husarbeid.....!!!
- Men nå er det bra, og eg nyt lysfatet eg har tent frå sofakroken...

EinBlåSøndagsKlem

- Oktober...

Akkurat kva som gjere at eg syns høsten er så flott, veit eg ikkje....
Men kan det vere fordi eg er født om høsten som gjere at det liksom er "mi" årstid...??
Jaja eg har ikkje fasitsvar på det..


Men hausten er utrulig flott,
og når eg kan gå.....
(kjøra) på jobb i mine nye Praha-sandaler,
droppe jakke og ta solbrillene på....
ja då er det slett ikkje så ille,
å jobba ein lørdag til..!
- har fått inn nokre av varene eg bestillte når eg var på interiørmesse,
og solgte et bilde før eg hadde fått satt det ut i butikken...!!
- Bilde er lånt fra Interiørhuset

EinBlåLørdagsklem