Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

lørdag 31. august 2013

Eat all you want..

Eg har hatt langhelg og fri.
Fått tid til å trena,
og fått (rydda) gjordt masse.
 Ja til og med bloggånda,
er tilbake....
Trur det hjalp på inspirasjonen
med ein tur til ei 
knakande kjekk bloggdama som eg besøkte, 
for nokre veker sidan.
Endelig fekk eg sjå det nydelege huset hennes !!
Ikkje farlig å jobba lange dagar,
når det bare er å koma til duk å dekka bord !!
- heldige meg !!


Herlig kyllingsalat med balsamico.
og kaka til dessert :)
Tusen takk for ein kjempekoslig kveld,
som gjekk altfor fort..
Skikkelig kvardagsglede !!!

EinBlåBloggeKlem

Frukostblanding

Etter ferie og ein masse utskeielsar,
var det herlig å komma i gang med
kvardag, grovbrød og
T R E N I N G
- og ikkje minst et kosthold som består av andre ting enn
pizza margarita.
Sjølv om det er nydelig godt, med den sprø gode pizzaen !!

I dag har eg laga ein av mine favorittar: 


Enkelt å laga, 
og smakar utruleg godt !!


I bakgrunn står boksane klare,
til å bli fyllt opp.
Eg deler gjerne oppskrifta med deg:

Sunn frokostblanding
2,5 dl store havregryn
3 dl 4-korn
0,5 dl solsikkekjernar
0,5 dl linfrø
0,5 dl sesamfrø
30 gr hakka valnøtter
1 pose gresskarkjernar
3-4 ss flytande honning
3 ss varmt vatn
1 dl rosiner 
Ha gryn, korn, nøtter, frø i ei bolle.
Bland vatn og honning, rør inn
Fordel i bakepapirkledd langpanne.
Steik ved 180 C`i 20 min. rør av og til.
Tilsett kanel og rosiner, avkjøl.
Ha i tett boks.

Lykke til !!!
Eg et gjerne frokostblandingen ilag med cottage cheese,
eller så blandar eg i frukt å yogurt.
Mjølk er og godt.
EinBlåLørdagsklem



Ferieminner

Ferien er over forlenge sidan...
14 dagar i Kroatia var SÅ herlig
Late dagar,
med sol og sommar.

        
Å kjenna sola varma
høyra på bølgeskvulp
badeglade ungar er
rett og slett ferie !!


Her er solnedgang i Mirca
Ein liten stille plass
like utanfor Supetar på øya Brac



Solnedgang frå terassen vår...


Her er me på sykkeltur til Supetar.


Rett og slett vakkert !!
3,5 time frå Bergen...


Takk for oss !!
- Me kjem tilbake til Kroatia, 
garantert !!!
Sjekk ut  KROATIA visst du fekk lyst å reise.

EinBlåferieminneklem