Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

mandag 19. september 2011

Nye muligheter

Etter ei slakk helg, med masse god mat og lite trim kjem mandag,
med blanke ark og nye muligheter. Full skjerping....!!!!
- men så blir det tid til ein snartur til mamma på KUN en kopp kaffi...
Altså...på et knips og et blunk,
har eg ete ferske og altfor mange vafler med mammas beste moltesyltetøy....mmm
Så er det bare til å toppa dagen med å kjøpa ein flott kjole hos Sahe Sibi som eg har sett på i helga frå skjønne Ester Eleonora .
Gledar med til den kjem og håpar den passar, visst ikkje blir det KUN kaffi neste gong...

- bilde er lånt fra Ester og Eleonora si heimeside

- Kaffien var god den og....Gleder meg til pakke i posten...
Dette var ein flott start på ei ny fin veke....
EinBlåMandagsklem

søndag 18. september 2011

Søndag og fri...

Så har det vert travle veker her i huset, med messer og ledersamling i vakre Praha by...!!!
Praha er ein by eg skal besøka fleire gonger. anbefaler " dei tusen spirers by" til alle !!
Siden det ikkje er tvil om at hausten er her, vil eg dela et fint haust dikt:

Med sus i skymringsmyrke graner,
sig natta inn frå audna send,
og svingar sine svarte faner
i Myrkivala stille grend.
Mot sør, mot sør dreg ville svaner,
der sev ved solblå sjøar stend.
-med tunge vengjeslag mot sky,
dei ror seg fram til dag på ny.

Å, du som i mitt fangtak kvilde
so mang ei varm og vårtung natt,
og lo kvar gong du fann meg att,
som aldri, aldri frå meg vilde,
og det med dyre eidar batt,
å, var det alt ein brosten draum
i livsens jøkulkalde straum?

Lat hausten mot mi panne strøyme,
med vemodstonen, myrk og sår,
eg skal deg aldri, aldri gløyme,
der bøygd mot undergang eg går,
og einsam, einsam skal eg drøyme
den draumen som ein gong var vår,
til natta vaknar uti hav,
og stiller all mi lengting av.
                                                                        
                                                                    - Av Jakob Sande.

Synest det er et fint dikt om ei mystisk og flott årstid. Som er fyllt av klar luft og flotte fargar,
og MASSE tente lys...!!!
- Eg har forresten masse lys til halv pris i butikken min...!!
EinBlåSøndagsklem..

              

mandag 5. september 2011

Bursdag

Nå har me feira Mia sin første bursdag...
04.september 2010 vart eg tante til søte Mia.
Tenk at det er 1 år sidan...


 Stolt og kry tante til ei lita jente med lurt smil og tindrande blå auger.
 Pakken har eg kjøpt på Litle blå og på kortet skreiv eg et lite dikt :

Gi barna rett til å leke og lære
Å drømme og forme,
leve og være.
Kun der kor barn kan føla seg trygge,
gror det, de gamle kaller for lykke...





Jubilanten vart begeistra når ho såg ballongane og fekk kaka.


-ein fin bursdagfest vart det, hos den kjekke lillebroren og svigerinna mi. Så var det heimreise..

*når eg kom heim i går kveld fant eg et ryddig og koselig hus...perfekt helg...!!!

Einblåmandagsklem