Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

søndag 3. mars 2013

Hyttetur...

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
(Ingvar Moe)
*
Du kan lese meir om Ingvar Moe her

Her er det tur med bessen for nokre år sidan, et av mine favorittbilder

Me har hatt ei fin vinterferiehelg på hytta
fyr i peisen
 kortspel
hyttekaffi i Mariuskopp
innekos
 pappa leste dikt til ungane
og fortalde om gamle merkedagar dei hadde før itida
Veit du kortid og kva Mekeli er..??
Ungane mine veit det iallefall no...
EinBlåSøndagsKlem

tirsdag 26. februar 2013

ENDELEG...

 26 februar...
etter dagar med nedtelling
var endeleg dagen her
10 ÅR


Lilla 
 Ranuklar
lilla lys
Nye lysestakar frå wik og walsøe 


Lilla roser
som badar i solskinn...                                                  


Alt klart for jentefest
3 timar til ende...
fine jenter
- taco, brownies, jappruter, snop -
fnising
dansing
god stemning
EinBlåBursdagKlem

søndag 20. januar 2013

2013...

Nytt år
fullt av nye muligheter,
det er opp til deg sjølv å fylla det,
 med det du ynskjer...


- 2013 -


VERA DRISTIG


Å våga vera dristig

Gå eit lite steg lengre
Velgja ein ny fargesamansetnad...
Ta ei uventa reise. 
Kjøpa seg hatt.
Gå innom ein nabo 
ein ikkje har gjesta på år.
Senda den helsinga ein ikkje har turd.
Dansa berrføtt i graset...
Grensene våre er ofte så tronge,
at lite skal til før vi er over.
Dei fleste av oss kan ta mange steg,
 før vi kjem i nærleiken av det uanstendige
Vi risikerer kun å ha det litt meir gøy.




Eg les " the secret " 
den boka anbefaler eg alle å lesa.
Ei bok med meining.
og 13 er eit positivt tal
Lykke til...
EinBlåNyttårsKlem

fredag 28. desember 2012

Pittelitt rødt..

Jula mi er mest kvit,
med litt sølv.


Julekula med minner frå
EuroDisney og Paris...
sukk...
men eg må ha litt rødt i jula,

Bare pittelitt rødt...

-GOD JUL -
med kongler..


Har ei venninne 
som alltid er like kreativ... 



STILLE..
Står det på mitt juleraude hjerte...


Deilig med nokre stille dagar...

EinStilleBlåKlem

tirsdag 25. desember 2012

Stjerna

Sendte handleliste med
gutane som for på bytur før jul.
Eg var lukkeleg heile dagen og gleda meg sånn...


Førjulsønske...


Å eg er SÅ fornøyd..
- min julepynt -
Stjerna er frå walther & co




Sjøl om gutane var sjokka over
"trepinnane" dei hadde henta,
på Ølen møbler var eg kjempefornøgd !!

EinGodBlåJuledagsKlem

søndag 2. desember 2012

Adventskos

Fin julemusikk
hærlig krydderlukt på kjøkkenet,
ivrig bakarjenta
og ute snøa da....
For ein fin start på desember...


Pepperkakene blei utrulig gode..
Nokon tilogmed sprø !!
mmmmm...
EinBlåSøndagsKlem

B A D


Ein tur til min vakre 
vestlandshovudstad
Bergen By.

 

 Eg hadde faktisk bare
2 ting på lista mi.
Ingen butikk er som Kanel

Orden på badet
Ja takk !!


Kanskje det blir ein ny kopp på tirsdag
Snart ny bytur (heldige meg)

 
I kanten på bildet skjular deg seg ei
Julepresang som eg veit kjem til å bli godt mottatt
av ho som skal få den...
:)
Å kor kjekt det er å overraska...!!!
spesiellt når det ikkje er forventa
trallalla...
Sjekk Kanel-favorittbutikken HER og
- l i k a r -
EinBlåKanelDrøm