Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

søndag 3. mars 2013

Hyttetur...

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,
Så meg er det lett nok å terge.
Men gjeld det å springe av stad som ein hjort
å dukke i elva
å klatre…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred,
eg får nok aldri ferdig ei lekse.
Men gjeld det å lokka ei mor til å le,
ein hund til å danse,
ein blom til å vekse…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!

Eg greier mest aldri å fanga ein ball,
eg spring nok, men stega er tunge.
Men gjeld det å stella ein hest i ein stall,
ein sjuk i ei seng
og ein ørliten unge…
Jau, det kan eg greie, ja det går nok an
om nokon vil seie dei trur at eg kan!
(Ingvar Moe)
*
Du kan lese meir om Ingvar Moe her

Her er det tur med bessen for nokre år sidan, et av mine favorittbilder

Me har hatt ei fin vinterferiehelg på hytta
fyr i peisen
 kortspel
hyttekaffi i Mariuskopp
innekos
 pappa leste dikt til ungane
og fortalde om gamle merkedagar dei hadde før itida
Veit du kortid og kva Mekeli er..??
Ungane mine veit det iallefall no...
EinBlåSøndagsKlem

5 kommentarer:

  1. Herleg!

    Go søndagsklem frå meg til deg.

    SvarSlett
  2. Fint dikt og herlig bilde!!!
    Legger meg som følger om stikker innom deg igjen! Velkommen innom min blogg!!

    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Åååå nå blei eg glad....!! Eg syns du hadde en flott blogg og legg meg til som følger...!! Ha ein fin dag ;)

      Slett
  3. Favorittbilde tatt av favorittsøster? E så vakkert da dikte! Veldig fint innlegg, sko ønska eg va der med dokon <3 Klem Dude :)

    SvarSlett