Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

søndag 18. september 2011

Søndag og fri...

Så har det vert travle veker her i huset, med messer og ledersamling i vakre Praha by...!!!
Praha er ein by eg skal besøka fleire gonger. anbefaler " dei tusen spirers by" til alle !!
Siden det ikkje er tvil om at hausten er her, vil eg dela et fint haust dikt:

Med sus i skymringsmyrke graner,
sig natta inn frå audna send,
og svingar sine svarte faner
i Myrkivala stille grend.
Mot sør, mot sør dreg ville svaner,
der sev ved solblå sjøar stend.
-med tunge vengjeslag mot sky,
dei ror seg fram til dag på ny.

Å, du som i mitt fangtak kvilde
so mang ei varm og vårtung natt,
og lo kvar gong du fann meg att,
som aldri, aldri frå meg vilde,
og det med dyre eidar batt,
å, var det alt ein brosten draum
i livsens jøkulkalde straum?

Lat hausten mot mi panne strøyme,
med vemodstonen, myrk og sår,
eg skal deg aldri, aldri gløyme,
der bøygd mot undergang eg går,
og einsam, einsam skal eg drøyme
den draumen som ein gong var vår,
til natta vaknar uti hav,
og stiller all mi lengting av.
                                                                        
                                                                    - Av Jakob Sande.

Synest det er et fint dikt om ei mystisk og flott årstid. Som er fyllt av klar luft og flotte fargar,
og MASSE tente lys...!!!
- Eg har forresten masse lys til halv pris i butikken min...!!
EinBlåSøndagsklem..

              

2 kommentarer:

  1. Knall!! <3 Eg har kjøpt lys :) Helsing og gode energiar frå meg :D

    SvarSlett
  2. Nydeleg dikt <3 Her er eit fint sitat:
    Never run faster than your gardian angel can fly. Snakkast i morgon!!

    SvarSlett