Etter ferie og ein masse utskeielsar,
var det herlig å komma i gang med
kvardag, grovbrød og
T R E N I N G
- og ikkje minst et kosthold som består av andre ting enn
pizza margarita.
Sjølv om det er nydelig godt, med den sprø gode pizzaen !!
I dag har eg laga ein av mine favorittar:
Enkelt å laga,
og smakar utruleg godt !!
I bakgrunn står boksane klare,
til å bli fyllt opp.
Eg deler gjerne oppskrifta med deg:
Sunn frokostblanding
2,5 dl store havregryn
3 dl 4-korn
0,5 dl solsikkekjernar
0,5 dl linfrø
0,5 dl sesamfrø
30 gr hakka valnøtter
1 pose gresskarkjernar
3-4 ss flytande honning
3 ss varmt vatn
1 dl rosiner
Ha gryn, korn, nøtter, frø i ei bolle.
Bland vatn og honning, rør inn
Fordel i bakepapirkledd langpanne.
Steik ved 180 C`i 20 min. rør av og til.
Tilsett kanel og rosiner, avkjøl.
Ha i tett boks.
Lykke til !!!
Eg et gjerne frokostblandingen ilag med cottage cheese,
eller så blandar eg i frukt å yogurt.
Mjølk er og godt.
EinBlåLørdagsklem
Den skal eg prøve. Her trengs det ein skikkeleg omvelting i høve kosthald og. No skal eg bare brød, og vi skal ut og lufte oss, sjølv om det regnar.
SvarSlettVarme klemmar frå meg