Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

tirsdag 30. august 2011

Inspirasjon

Har hatt ei hektisk men knallkjekk veka. 
Har vert på Gave & Interiørmessa på Lillestrrøm..
Noko som eg trur eg kan samanlikna med å koma til paradis, o'herlige lykkestund. Hurraaa...!!!
Rett og slett et eldorado for alle interiørintresserte.
Eg var på messe for første gong, aleine. Men slett ikkje aleine for på messa var det mange handleglade :-)
Mitt inntrykk av interiørtrendane framover  er STORE veggur og masse natur..
Har bestillt masse fint til butikken min, så eg skal kjøpa meg kvit nissefamilie til jul i år !!


Hadde avtaler med Cream - Creamie og Kaffe. vart tatt SÅ godt imot av desse flotte damene.


Mona Lise Winther og Elisabeth frå den flotte butikken, Vakre Vene i Harstad..
Eg følte meg som ein del av "familien" frå første stund
-Tusen takk for flott mottaking og god service...
Våren må gjerne komma snart for VÅR.kolleksjonen til Kaffe - Cream er bare SÅ utrulig nydelig..!!
Masse og gleda meg til, og gleda dei flotte kundane mine...!!


-Sjekk den søte veska....!!!
- Har betillt noko geniale ting til kjøkken avd. i butikken som eg kjem tilbake til ;)
trallalla for inspirasjon og påfyll !!
ps.-Rosa sko til våren...Gled deg... ;)
EinBlåInspirasjonsklem

tirsdag 23. august 2011

Hauststemning



Desse fine blåklokkene kom inn på kjøkkenet til meg ein dag :
"versegod mamma, da er jo favorittblomane dine"
Da er godt å leva...






Etter nok ein lang travel dag på jobb, er det godt å setja seg i sofaen.
Har tent masse lys...og at hausten er her er heilt greit.
Høsten er min favoritt !!
Trallalla for tente lys og innekos...!!!

Viss eg kunne klatra på ein himmel klar og blå,
ville eg ha funne meg ein ven å skina på.....
Lillebjørn Nilsen.


-Ha ein fin kveld alle sammen !

EinBlåTirsdagsklem


søndag 21. august 2011

Besøk !

Søndag og FRI, ute regnar det.
 Eg får telefon av ei venninne som har lyst å ta familien sin med på langtur.
- heilt inn der eg bur...!!!
 Så kjekt, og så seier jenta mi "mamma eg kan godt laga vafler til dei kjem".
 Slik blir det, vafler, heimelaga ripssyltetøy (takk mamma) og is.
 Min favoritt er lunka vafler med is inni....mmm...!!


- Mens vaflene lagar seg sjølv, kokar eg kaffi på den nye Eva Solo kanna mi...

                                                           
      - Enkelt og elegant design.


Tusen takk for kjempekoslig besøk !!

Ein BlåSøndagsklem

Overraskelse...

Har hatt nokre travle dagar på jobb, og på ein av desse travle dagane får eg ei overrasking.
Pakke til meg...!!! Ingen bursdag, bare en gledelig overraskelse...!!!
Fin innpakka gåve, men søtt Falby -kort på.


Kjempefine serviettar og lys.... Lene Bjerre har så utrulig mykje fint.

- Og på kortet står det "til kjære Tanja -du herlige menneske !!
Så godt å ha gode venner, kjekk familie. tusen takk Grethe <3
                                                 - En venn kan godt regnes som et av naturens mesterverk...
                                                                                                                        Ralph Waldo Emerson


EinBlåGodnattKlem...
                                         




mandag 8. august 2011

Kaffibesøk

Har hatt ein fin dag i dag.
- Lykke er å gleda seg med andre som oppnår noko dei har jobba for.
Gratulera Søss som sjåfør ..!!
Etter jobb reiste eg på kaffibesøk til tante, med en liten pakke og verdens flottaste "happy birthdaykort" laga av jenta mi som er 8 år !!
Kaffien smaka kjempegodt, kakene og...!!! Alltid koslig hos tante...
Dei blå blomane mine står og smiler til meg kvargong eg opnar døra....og smile gjere dei fordi dei står under tak, og unngår å bli "skada av den fine" sommaren.

EinBlåGodnattKlem

søndag 7. august 2011

Glede


Fekk lyst å visa ei julegåve som eg har fått frå ei god venninne..
Eg  vart utrulig GLAD, det er så koslig med venninnegåver.
Kjekt å få, kjekt å gi.
 Ho kjenner min smak, og er ei kreativ flott dame....!!
 I går møtte eg ho og to andre flotte damer på kafe....
God mat, latter og shopping...



 "Ein venn er ei gave så stor, at den kun kan måles med hjertet"


EinBlåSøndagsklem