Mest om interiør, litt alt det andre...


Flowers make the sun shine, make me fall in love...
They open up my senses, and colour my world...

lørdag 30. juli 2011

Sommar...

Endeleg kom det ein dag der det frista og gå ned til sjøen.
Å gå i sand med nakne tær, det er bare så fint !!
Blå sjø, bølgeskvulp og blåskjell...

" Mamma kom å sjå. eg har laga din og min bokstav " ropar sommarjenta mi .
EinBlåLørdagsKlem


fredag 29. juli 2011

Besøk

Kjøpte meg ein bukett med kvite liljer.
Fordi eg synest at kvite blomar er bare så utrulig fint.
Så fekk eg besøk, og eg blir like glad/rørt kvar gong eg får noko.

  KVIT HORTENSIA...
innpakka i cellofan til meg, tusen takk...!!!

-ein fin kveld, god mat og kjekke gjester...
EinBlåGodnattKlem

torsdag 28. juli 2011

Sitater...

Etter dagar med sjokk, vanntru og historiar som er heilt ubegripelige er det rørande og sjå all den empatien som det norske folk syner. Eg er utruleg stolt over å vera norsk.

" Vi er så få her i landet, hver fallen er en bror eller venn ".
-Nordahl Grieg-
  
Mørke kan aldri fordrive mørke, det kan bare lys.
 Hat kan aldri fordrive hat,det kan bare kjærlighet.
M.L.King
 
-mange varme og trøystande tankar til alle Dykk som har mista nokon i terrorangrepet.
'BlågodnattKlem
 

onsdag 27. juli 2011

Musikk..


Synest denne sangen er så utruleg fin....

LUFTSLOTT I DET BLÅ
I kveld er du i min tanke, Skulle ynskje du kunne forstå,
Som eg sit her og ventar på natta, Ser eg for meg ditt luftslott i det blå.

Kjem du i hug siste kvelden, Eg prøva få deg til å sjå,
Men du sa at din kjærleik var slokna, Du såg berre ditt luftslott i det blå.

I natt og dag har eg venta, Å syne deg min lengt og mi trå,
For eg veit at ditt liv er så einsamt, I ditt fagre luftslott i det blå.

Ditt ljos står for meg i natta, Du er nær, om du er langt ifrå,
Og eg veit at du strir med din stolthet, Og du elskar ditt luftslott i det blå.
- originaltittel: A mansion on the hill (Fred Rose/Hank Williams)
(Ein fantastisk norsk tekst!) ved Sondre Bratland
BlåGodNattKlem..

-----------------------